INKA

INKA

Inka AS er ei familiebedrift med lang historie innan bearbeiding av norsk laks og aure på Vestlandskysten.

Bedrifta er lokalisert på Røtinga i Os kommune, ei øy som ligg som ei perle i det norske fjordlandskapet.
I desse nærområda har fisk og havbruk vore kjelda til liv og utvikling i fleire generasjonar. 
Inka AS er ei vidareforedlingsbedrift med over 125 fast tilsette,lokalisert på Røtinga, i Os kommune i Hordaland.

Vi er ein rein vidareforedlingsbedrift og utfører tjenester på bestilling frå kunde. Med lang erfaring i bransjen og god erfaring hjå våre tilsette produserer vi i dag over 40 ulike produkt av laks og aure – både fersk og fryst til eksport verda over. Den årlege produksjonskapasiteten ligg i overkant av 12 000 tonn ferdig produkt og har auka jamt dei siste åra.

Vi er opptatt av nyutvikling og effektivisering. I samspel med myndigheiter og i samarbeid med våre kundar og leverandørar jobbar vi kontinuerlig med forbetringar, kvalitetssikring og utvikling av nye produkt med en topp moderne maskinpark frå leiande leverandørar.

Fokus på kvalitet og trygg mat er essensielt for Inka, og vi har gode system for kvalitetssikring som tilfredsstiller alle norske krav til sertifiseringar.


Kari Marie Austevoll Lyssand

KARI MARIE AUSTEVOLL LYSSAND

Daglig Leder

kari@inkafisk.no

+47 928 51 807