Bjørnafjorden Næringsråd

Bjørnafjorden Næringsråd

Bjørnafjorden Næringsråd er ein frittståande medlemsorganisasjon som arbeider for å fremja næringslivet sine interesser i Bjørnafjorden kommune – på begge sider av fjorden. Vi skal vera den viktigaste røysta til næringslivet lokalt, kvar næringsdrivande i kommunen byggjer eit viktig nettverk med andre. Som næringslivets talerør, jobber vi kontinuerlig for at rammevilkåra til ei kvar tid skal vera dei beste for næringslivet og medlemmene våre. Vi samarbeider tett med andre næringsråd i fylket gjennom Næringsalliansen Vestland.

Næringsrådet skapar aktivitet gjennom ulike former for arrangement og tilbyr ulike tenester for medlemmene og øvrige næringsdrivande. Om hausten arrangerer næringsrådet den største og viktigaste møteplassen for næringslivet, Bjørnafjordkonferansen og den tilstøytande årsmiddagen Bjørnafjordfesten.

 

Bjørnafjorden næringsråd er ei vidareføring av Fusa Næringslivslag og Os Næringsråd, vart skipa i 2018 og har kontoradresse i Bjørnefjorden Gründerpark i hjartet av Os sentrum.


Kristian Brurarøy

KRISTIAN BRURARØY

Dagleg leiar

Kristian@bfnr.no

+47 934 35 929